Nokas (2010)

IMDb: 7.5/10 (226 votes)

Det finst dei som er opptekne av at ein film basert på ei sann hending er så korrekt som mogleg, og dei som ikkje bryr seg så mykje. Eg høyrer til den siste gruppa.

For meg har det meste av snakket om Nokas gått meg hus forbi, eg har verken engasjert meg i saka i avisene eller brydd meg særleg mykje om prosessen rundt filmen. Eg er av den oppfatninga at ein film skal kunne bli forstått av alle. Det inneber ikkje nødvendigvis at filmen skal oppramse all informasjon frå det verkelege Nokas-ranet, men den skal tilpasse seg filmformatet. For meg betyr ei filmatisering av noko at filmen skal kunne ta seg friheiter som gjer filmen betre — som film. Likevel om det endrar hendinga filmen er basert på. Det sagt, ein god film kan òg vere ei tilnærma korrekt framstilling av røynda.

Det eg hadde høyrt om Nokas, var at den hadde fått kritikk frå enkelte hald fordi den overdreiv bruken av action. Forventingane mine steig nokre hakk grunna dette, og eg såg for meg Nokas som meir enn ei traus gjenforteljing.

For å komme til poenget, så er Nokas ein spennande film. Det er høgt tempo, den heng seg ikkje opp i detaljar, det er skyting og dramatikk. Om alt er sant betyr ingen ting, for dette er område filmen lykkast på.

Går ein nøyare innpå ser ein fort at filmen manglar dei gode karakterane. Den har heller ekte menneske, og for å unngå mistforståing, ikkje dårlege prestasjonar av dei mange ukjente ansikta. Filmen støttar seg på hendinga. Bruken av tekstplakatar i byrjinga og på slutten for å pakke inn hendinga er om enn litt for enkelt utført etter min smak, effektiv nok til sitt formål.

Det Nokas først og fremst er, er ein spenningsfilm og ei forenkling av ei skildring av ranet. Av det eg forventar av ein fullverdig spelefilm manglar noko for å gjere dette til ei fullkommen filmoppleving. Men eg har lite å utsetje på det som er gjort.

6/10

Comments
One Response to “Nokas (2010)”
  1. Gunnar sier:

    Jeg synes Nokas var svært vellykket, og en unik film i norsk sammenheng. Ikke minst benytter den amatører i mange roller på en elegant og troverdig måte, men den er også tett og spennende. Jeg tror den beskriver situasjonen ganske så realistisk.

Leave A Comment