Buffy the Vampire Slayer

Buffy the Vampire Slayer er serien om tenåringsjenta Buffy. I lag med vennene sine, i hovudsak Xander og Willow, slest ho mot mørke krefter. I og rundt småbyen Sunnydale kryr det av vampyrar, demonar og monster. Årsaka er at Sunnydale ligg over eit svakt punkt nær helvete. For onde makter som ønskjer at verda skal gå under er byen eit attraktivt mål, og Buffy er eit trofé mange av dei ønskjer i tillegg.


Foto: Gjengen frå femte sesong av Buffy, inkludert serieskaparen Joss Whedon.

Det tok meg fem år å fullføre Buffy, men eg verset serien høgt trass i tidsbruken. Det er fleire grunnar til at eg likar han. Ein av dei er humoren. Mykje av han baserer seg på serien si emne til å reflekterer over seg sjølv. Gjer handlinga i ein episode ein enkel vri eller nærmar seg tåpeleg, då er serien på plass og påpeikar dette før du rekk å irritere deg over kor enkelt det var. Ein kommentar frå ein av karakterane ligg aldri langt unna. Det har med timing å gjere, emna til å overraske blir aldri undervurdert, og serien tenar godt på det.

Som Seinfeld og fleire gode komedier har gjort leverer Buffy etter kvart doble poeng. Eksempelvis kjem Xander med ei artig bemerkning. Bemerkninga blir artigare fordi den i tillegg refererer til noko artig som har skjedd tidlegare.

Godt drama følgjer humoren tett. Alvoret er alltid nære. Karakterane har sitt å stri med. Vekslinga mellom og blandinga av drama og humor forsterkar kvarandre. I botnen ligg spenninga i dei fysiske kampane. Kampane er sjeldan tilfeldige. Framdrifta i serien spelar ofte på kampane som metaforar for dramaet. På overflata er episodane repetive, ein ny episode betyr eit nytt monster. I samanheng byr episodane på meir. Vi merkar korleis livet til karakterane pregar stemninga undervegs. Ein serie må ha eit interessant univers for å halde det gåande over lang tid, og Buffy forstår og lykkast i å gjennomføre dette.

Universet med Sunnydale og Buffy i sentrum er rikt på forskjellige monster. Serien unngår likevel å bli eit maratonløp av einastearta slosskampar. Karakterane utviklar seg. Slik held dei seg interessante over tid. Merksemda til slosskampane går aukar og minskar, og sorten monster som får merksemda endrar seg. Det som i første sesong var vanskelege vampyrar er reine søndagsskulen i sjuande sesong.

Ein tv-serie har ei historie han skal fortelje. For at det skal vere bra må det vere grundig. At Buffy handlar om det same gjennom sju sesongar er respekt for dei som blei tidleg fans. Det er òg ei avgrensing for serien. Sesongane handlar stadig om å hindre dommedag. Dei same samtalane blir ført gang på gang. Og som eg var inne på, det er mange slosskampar. Dette er grunnar til at eg har brukt så mange år på Buffy. To sesongar om gangen holdt. Fordi eg ikkje ville gå lei doserte eg serien, og det fungerte bra.

Det er ei stor utfordring å oppsummere sju sesongar i eit kort innlegg. Det er lenge sidan eg såg dei første sesongane, og det er lett å bli nostalgisk. Men eg har prøvd å unngå det her. Det er òg lett å ta for hardt i for å få fram eit poeng. Det har eg ikkje klart å unngå. Når det gjeld ein serie som repeterer seg sjølv blir det ofte til at eg set fingeren på det. Med Buffy var det dei mange slosskampane, men det var ein av tinga som gjer serien gøy.

Om det var tvil så er dette ei anbefaling av serien. Buffy har eit godt manus, serien er bygd opp så det er både interessant og gøy i det korte og lange løp. Grunnane som var enkle å setje ord på har eg vore innpå. Alle småtinga og detaljane undervegs er det verre med, men dei er der.

Serien består av:
7 sesongar. 145 episodar.

Comments
5 Responses to “Buffy the Vampire Slayer”
  1. Jacob sier:

    Artig med denne bloggen er at det plutselig kan komme en anmeldelse av Buffy, en TV-serie der man med hånden på hjertet må kunne si at det verste buzzet for lengst er over! Det forhindrer ikke meg fra å være midt inni den nå, rettere sagt tok jeg en pause etter noen episoder av sesong 4. Skal selvsagt se resten senere.
    Og jeg er enig i at dosering her nok er lurt.

  2. Asbjørn sier:

    Eg tok tre-fire års pause inni der. Kom såvidt i gang med sjette sesong for nokre år sidan, men var på kanten til å bli lei. Så ga han eit nytt forsøk i vinter, og slukte to sesongar kjapt.

    I blant spør eg meg sjølv om det er verdt tiden å sjå lange tv-seriar. Svaret er stort sett ja.

  3. Fred Ut sier:

    Jeg fulgte de tre siste sesongene på TV, og har fortsatt aldri sett det foregående. Har alltid følt at Buffy er l i t t overvurdert, mer greit enn essensielt. Men når det var bra var det skikkelig bra. «Hush», «Once more with Feeling».. men det var i Firefly Whedon nådde sin foreløpige kunstneriske zenit. Blir moro med Avengers, da..

    Inspirert av dette burde jeg vel endelig sette meg ned å skrive en Babylon 5 – anmeldelse, men det er litt andre ting som skal gjøres først..

  4. Gunnar sier:

    Jeg er helt enig med Fred Ut her selv om jeg antagelig ikke har sett like mye Buffy som dere kan det virke som. Jeg har sett første sesongen og litt sporadisk innimellom, men er ganske sikker på at serien er en av de få som blir bedre og bedre? Uansett ser jeg nok mer på den som Whedons noe langvarige treningsøkt mot Firefly.

  5. norserintrah sier:

    Buffy vaker nok ganske langt oppe i toppen av listen over de TV-seriene jeg liker best, foran mange av de mer anerkjent bra seriene. Tror det snart er på tide å skrive en artikkel om tegneserien Joss Whedon har koordinert i samme universet som en fortsettelse på historiene…

Leave A Comment